Gode skiforhold

Langrennssesongen i gang.

Frå langrennsløypene på Bondalseidet måndag kveld.  Foto: Ørsta skisenter

Nyheiter

Ørsta skisenter rapporterer om fantastiske forhold for både klassisk og skøyting i løypetraseen på Bondalseidet. Det har blitt preparert spor heilt til Åmskaret ifølgje skispor.no.

Skisenteret opplyser og at trakkemaskina har pakka saman om lag ein meter nysnø på Eitrefjell. Men det endå for tidleg å tenkje på opning av skibakkane.

- Vi skulle ha fått litt meir snø ved påstigninga. På Eitrefjell og ned Knuteløypa er det gode forhold, men vi klarer ikkje å få knyte dette saman. Til det er det for lite snø. Hadde vi fått snø ved påstigninga hadde det vore meir aktuelt. Langrennsløypene er heilt fantastiske og det er trakka heilt til Åmskaret. Folk kan halde seg oppdatert på skispor-sida og sjå når trakkemaskina sist har vore i sving, seier dagleg leiar Frank Harald Velle.