Nokon har sparka ned og øydelagt fem lykter i vegen ved Strandgata 52 i Ørsta. Huseigar Lisa Therese Rønning Johansen seier at hærverket vart gjort i 13:20 tida laurdag, og at dei har sikre observasjonar på at gjerningspersonen var ein gut i 8–10 årsalderen

– Vi ønskjer å kome i kontakt med foreldra til guten, slik at vi kan få ordna opp på ein grei måte. Eg oppmodar foreldre til å undersøkje om deira born stod bak, og å kontakte oss. Eller så må vi anmelde saka, seier ho.