Trafikkulykke i Barstadvik

Store materielle skader då bil vart delt i to.
Nyheiter

To bilar har kollidert i Barstadvik, melder politiet på Twitter. Ulykka skjedde litt før klokka 10.00. Det var store materielle skader på begge bilane. Den eine bilen vart delt i to i ulykka. Då Møre-Nytt kom til staden låg bakparten av bilen på oppsida av vegen, medan framparten stod att på vegen.

To personar var involvert i trafikkuhellet, og dei vart frakta til Ålesund sjukehus med helikopter.

Helse Møre og Romsdal opplyser at ei kvinne i 30-åra er lettare skadd i ulykka. Kvinna køyrde bilen som vart skadd i fronten.

Ulykka skjedde i 80-sona like før Barstadvik. Det er tidvis glatt og slaps på vegen.

Alle naudetatane rykka ut til ulykkesstaden. Det opparbeidde seg raskt kø på staden, men det vart starta manuell dirigering forbi ulykkesstaden rundt klokka 10.30. Klokka 12.25 opplyste Statens vegvesen at vegen er opna for trafikk.

Etter fleire utforkøyringar på vegane i Møre og Romsdal måndag oppmodar politiet at farta vert avpassa etter forholda.