På biletet ser vi at det eine bilen er kappa rett av, og at bakparten ligg oppe til høgre i biletkanten.

Begge sjåførane vart frakta til sjukhuset i Ålesund, som opplyser at den eine, ei kvinne i 30-åra er lettare skadd.

Les også: Trafikkulykke i Barstadvik

Til Møre-Nytt opplyser sjukehuset at den andre, ein mann i 30 år, er lettare skadd, og at situasjonen er stabil.

- Han vart lagt inn på intensiv avdeling, men vert snart flytta over til sengepost, opplyser sjukehuset.

E39

Kollisjonen skjedde på E39 ved Barstadvik  litt før klokka 10.00. Det var store materielle skader på begge bilane. Den eine bilen vart delt i to i ulykka. Då Møre-Nytt kom til staden låg bakparten av bilen på oppsida av vegen, medan framparten stod att på vegen.

Det var glatt og slaps på vegen,men politiet har ikkje konkludert rundt årsaksforholda.