I samband med samanslåing av Hornindal og Volda kommunar frå 2020, er det i gang ein prosess for korleis nye Volda skal organiserast. Dette gjeld også landbruk og næringsapparat, skriv rådmann i Volda, Rune Sjurgard til Ørsta kommune.

I dag samarbeider Ørsta og Volda om landbrukskontoret. Rådmann i Ørsta, Wenche Solheim, svarar at dei ønskjer å halde fram med dette samarbeidet, også når Volda og Hornindal vert slått saman.

– Ørsta og Volda har i dag eit svært velfungerande landbrukskontor som no også yter tenester til Hornindal grunna sjukdom der. Av omsyn til næringa og lokalssamfunna er det viktig å ta vare på eit intakt og sterkt fagmiljø og ikkje svekke dette. Ørsta kommune er innstilt på vidare samarbeid, og legg vekt på at vi ikkje skal gjere noko som svekker tilbodet til ei av dei største og viktigaste næringane i Ørsta.