Ørstahallen: Administrasjonen i Ørsta kommune foreslår namnet «Ørstahallen» til den nye fleirbrukshallen som skal stå klar på Utstillingsplassen i november neste år.

Ørstahallen: Administrasjonen i Ørsta kommune foreslår namnet «Ørstahallen» til den nye fleirbrukshallen som skal stå klar på Utstillingsplassen i november neste år.

Namnet blir Ørstahallen

«Ørstahallen» blir namnet på den nye fleirbrukshallen på Utstillingsplassen.

Det er forslaget frå administrasjonen i Ørsta kommune. Levekårsutvalet skal handsame sak om fleirbrukshallen i møte 15. november. Også formannskap og kommunestyre skal seie sitt.

Administrasjonen har også sett på moglegheitene for å få tilsett ein dagleg leiar for drifta av hallen. Dette har vorte utsett av politikarane to gonger, då dei har sakna informasjon om arbeidsoppgåver og kostnader. No foreslår administrasjonen å flytte frivilligsentralen med dagleg leiar til Ørstahallen.

– Dette vil medføre endringar i aktiviteten for frivilligsentralen, melder dei

Dagleg leiar for frivilligsentralen får ansvar for å koordinere aktivitet og drift, irekna utleige og oppfølging av økonomien. Ny stillingstittel vert då «dagleg leiar Ørstahallen» som 100 prosent stilling f.o.m. 01.01.2018. I tillegg ønskjer administrasjonen å få på plass ein driftsoperatør for hallen i løpet av hausten 2018, alt etter kva behov der er for ei slik stilling.

– Vi ønskjer å legge til rette for bruk av eit særs positivt aktivitetstilbod som mange har store forventningar til, skriv administrasjonen i tilrådinga.

Meir å lese på Møre-Nytt:
Dette vert lest no:

Porsekjellaren er tilbake

Gjenopning av klassisk utestad

Sjå bildeserie:

Storkonsert for fullsett sal

78 elevar frå Ørsta kulturskule viste fram talenta sine på scena onsdag.

Slutt for Amine

Har meldt oppbod.

– Det er eit nytt stort steg for oss

Budsjettforlik med ny satsing på nynorsk.

Vil gjere Ørsta til eit meir demensvennleg samfunn

Alle slag sørvisverksemder kan no få opplæring i korleis dei skal gå fram overfor demente kundar og brukarar. I Ørsta har dei fyrste verksemdene no hatt kurs.

Frå kritisk til betre ved Velle skule

– Vi hadde ein situasjon ved Velle skule som var kritisk ille. No er det betre, seier assisterande rådmann Eldar Rune Øye.

– Sett pris på – reint bokstaveleg

– Å vinne Brageprisen igjen – det kjennest - heilt bokstaveleg – å verte sett pris på!

Nær tusen hos Ørsta Skisenter

– Det vart den beste opningsdagen vi nokon gong har hatt. Og det viser behovet for eit godt fungerande skisenter.