Det er forslaget frå administrasjonen i Ørsta kommune. Levekårsutvalet skal handsame sak om fleirbrukshallen i møte 15. november. Også formannskap og kommunestyre skal seie sitt.

Administrasjonen har også sett på moglegheitene for å få tilsett ein dagleg leiar for drifta av hallen. Dette har vorte utsett av politikarane to gonger, då dei har sakna informasjon om arbeidsoppgåver og kostnader. No foreslår administrasjonen å flytte frivilligsentralen med dagleg leiar til Ørstahallen.

– Dette vil medføre endringar i aktiviteten for frivilligsentralen, melder dei

Dagleg leiar for frivilligsentralen får ansvar for å koordinere aktivitet og drift, irekna utleige og oppfølging av økonomien. Ny stillingstittel vert då «dagleg leiar Ørstahallen» som 100 prosent stilling f.o.m. 01.01.2018. I tillegg ønskjer administrasjonen å få på plass ein driftsoperatør for hallen i løpet av hausten 2018, alt etter kva behov der er for ei slik stilling.

– Vi ønskjer å legge til rette for bruk av eit særs positivt aktivitetstilbod som mange har store forventningar til, skriv administrasjonen i tilrådinga.