Ein hjort vikla seg inn i høgspentlina på Bjørke. Illustrasjonsfoto.
            (Foto: Åsmund Brunstad Øyehaug)

Ein hjort vikla seg inn i høgspentlina på Bjørke. Illustrasjonsfoto.Foto: Åsmund Brunstad Øyehaug

Hjort gjekk seg inn i høgspentleidning

Ein hjort vikla seg inn i høgspentlina på Bjørke. Det gjekk ikkje bra.

Natt til torsdag registrerte Mørenett eit utfall av straumen på strekninga Bjørke - Kalvatn. Straumen kom umiddelbart tilbake. Mørenett konkluderte med at årsaka truleg var kraftig var vind, ifølgje Mørenett si eiga hjeimeside.

Laurdag reiste reparatørar i Mørenett til Bjørke for å sjå kva som kunne ha skjedd. Der fekk dei sjå eit makabert syn.

Vinden hadde ført til at ei mast hadde kollapsa, og høgspentleidninga låg nede. Der hadde ein hjort på eitt eller anna tidspunkt kome, og hjorten gjekk inn i leidningane. Hjorten har truleg døydd umiddelbart, og han hadde store skadar etter å ha fått høgspent i seg.

I samband med feilrettinga vart straumen kopla ut for Bjørke-området i om lag to og ein halv time laurdag ettermiddag.

Meir å lese på Møre-Nytt:
Dette vert lest no:

Porsekjellaren er tilbake

Gjenopning av klassisk utestad

Sjå bildeserie:

Storkonsert for fullsett sal

78 elevar frå Ørsta kulturskule viste fram talenta sine på scena onsdag.

Slutt for Amine

Har meldt oppbod.

– Det er eit nytt stort steg for oss

Budsjettforlik med ny satsing på nynorsk.

Vil gjere Ørsta til eit meir demensvennleg samfunn

Alle slag sørvisverksemder kan no få opplæring i korleis dei skal gå fram overfor demente kundar og brukarar. I Ørsta har dei fyrste verksemdene no hatt kurs.

Frå kritisk til betre ved Velle skule

– Vi hadde ein situasjon ved Velle skule som var kritisk ille. No er det betre, seier assisterande rådmann Eldar Rune Øye.

– Sett pris på – reint bokstaveleg

– Å vinne Brageprisen igjen – det kjennest - heilt bokstaveleg – å verte sett pris på!

Nær tusen hos Ørsta Skisenter

– Det vart den beste opningsdagen vi nokon gong har hatt. Og det viser behovet for eit godt fungerande skisenter.