Natt til torsdag registrerte Mørenett eit utfall av straumen på strekninga Bjørke - Kalvatn. Straumen kom umiddelbart tilbake. Mørenett konkluderte med at årsaka truleg var kraftig var vind, ifølgje Mørenett si eiga hjeimeside.Laurdag reiste reparatørar i Mørenett til Bjørke for å sjå kva som kunne ha skjedd. Der fekk dei sjå eit makabert syn.

Vinden hadde ført til at ei mast hadde kollapsa, og høgspentleidninga låg nede. Der hadde ein hjort på eitt eller anna tidspunkt kome, og hjorten gjekk inn i leidningane. Hjorten har truleg døydd umiddelbart, og han hadde store skadar etter å ha fått høgspent i seg.

I samband med feilrettinga vart straumen kopla ut for Bjørke-området i om lag to og ein halv time laurdag ettermiddag.