Avslører mange små miljøsynder

Sjå kva Per Inge Rebbestad har funne langs vegane.

Miljøaktivist: Per Inge Rebbestad tar fatt i dei nære og synlege miljøproblema.  Foto: Janne-Marit Myklebust

Nyheiter

Den som syklar er ikkje berre miljøvennleg. Han har og tid til å sjå seg rundt. Og det gjer Per Inge Rebbestad. Sykkelturane hans avslører den eine miljøsynda etter den andre, på stader der syndaren kanskje trudde at ingen kom til å leite. Ikkje av dei store miljøproblema kvar for seg, men samla sett vert det ille. Som langs E39 frå Festøya og mot Ørsta:

– Forsøplinga byrjar frå første utkøyrsle etter Festøya og held fram langs E39, i alle fall til Rjånes, med fire-fem konsentrasjonar, fortel Rebbestad.

Også på Berkneshalvøya har folk etterlatt seg mykje rart.

– Det er fleire uoffisielle bosplassar på kvar side av kommunegrensa, heilt inn til Digernes, seier Per Inge Rebbestad.

Og Hjørundfjordstranda:

– Her er det søppelfyllingar som går frå vegkanten og heilt ned til sjøen.

Fenomenet avgrensar seg ikkje berre til strendene. På Krøvelseidet mot Åmdalen fann Rebbestad åtte smekkfulle sekkar på 250 meter.

– Det var plast, pluss fleire bildekk, lampar, tørkestativ og så vidare. Ei sundslegen toalettskål ligg der enno om nokon vil på sightseeing, seier Rebbstad

Han synest all plasten er verst, og peikar på at stadig fleire har fått auga opp for plastforsøplinga i havet.

– Det vert ikkje betre av at vi fyller på frå andre sida. Plastforsøplinga på land er minst fire gongar så stor som i havet. Ei verdsomfattande undersøking av springvatnet syner at 83 prosent av prøvene inneheld plastpartiklar.

Volda og Ørsta Reinhaldsverk hentar sekkane når Rebbestad har pakka det han finn. Men VØR har opplyst at dei ikkje kan gå å plukke søppel. Rebbestad, som er med i Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) meiner kommunen må ta eit ansvar.

– MDG vil levere eit interpellasjon og ber om at kommunen set i gang ein prosess med kartlegging, opprydding og tiltak for å hindre vidare forsøpling, seier Rebbestad.

– Det er lett på kjenne avmakt, men tek vi fatt i det som er rett framfor oss, det som er nært og konkret, så har me i alle fall utretta noko. Det aller største forskjellen går mellom å gjere lite grann og å gjere ingenting, seier han