Det politiske sekretariatet i Ørsta kommune varslar at det vert gjort lydopptak frå alle politiske møte frå 15. november.

Føremålet er å sikre at det ikkje vert mistydingar og diskusjonar om kva som vart vedteke.

Vedtaket om å ta opp lyd frå alle møte er gjort administrativt, og vert varsla til formannskapet på fyrstkomande møte.

Rådmannen forklarar at innføringa av lydopptak vert gjort for å gjere dei politiske møta meir effektive.

Samstundes poengterer rådmannen at alle forslag må fremjast skriftleg. Helst skal forslaga kome elektronisk, men er dette vanskeleg å få til under møta, kan framlegget skrivast med hand frå den som legg fram forslaget.