Utrykkingspolitiet heldt fredag kveld ein fartskontroll på Vartdalsstranda. Det vart nok å gjere for politibetjentane.

17 bilførarar vart stoppa i kontrollen. Av desse fekk femten forenkla førelegg i femtisona. To bilførarar heldt ei så stor fart at dei vert utan førarkort ei stund. Den eine av dei køyrde i 98 km/t i femtisona.