Det opplyser byggeleiar Andreas Bergby i Statens vegvesen. Målsettinga med arbeidet som no går føre seg på Ekset og i Furene er å auke trafikktryggleiken, spesielt for gåande og syklande. I tillegg til bygging av undergang for mjuke trafikantar vert det bygt ein gang- og sykkelveg på cirka ein kilometer. Når prosjektet er ferdigstilt vil det vere samanhengande gang- og sykkelveg frå Volda til Ørsta.

K.A. Aurstad er entreprenør for prosjektet og kontraktssummen er på 22,5 millionar kroner. Arbeidet starta opp i slutten av september 2016, og i utgangspunktet skulle prosjektet vere ferdigstilt til 22. november.

– Arbeidet går sin gang, og framdrifta har vore rimeleg bra. Vi har hatt ein del ekstra arbeid med natursteinsmurar og anna. Difor vart det gitt ein forlenga frist frå 22. november til 22. desember med ferdigstillinga.

Bergby poengterer at det også har vore utfordringar med prosjektet.

– Det er klart at det er ein del ukjent infrastruktur hjå kommunen. Det har vore utfordrande, men det har gått ganske bra.

I tillegg har det vore trafikale utfordringar. Overgangsfeltet på E39 har ikkje blitt merka i asfalten endå, men det har blitt gjennomført HMS-møter med fokus på tiltak for å sikre overgangen.

– Der vil kanskje entreprenør merke opp mellombels på asfalten i tillegg til skilting for å sjå om det har noka effekt. Men uansett så må dei som køyrer gjennom Ekset ta omsyn til skuleborn mm som kryssar europavegen. Tilbakemelding frå entreprenør er at skulebarn står og ventar på å krysse vegen, går halvvegs ut i vegen, og så kjem det eitt vogntog og berre svingar litt utanom i staden for å stoppe opp. Det er heilt hårreisande at vaksne sjåførar gjer slikt, og i tillegg er fagfolk innanfor transportbransjen.

I førre veke vart mesteparten av asfalteringa i prosjektet ferdigstilt.

– Prosjektet har gått bra. Naboane har vore samarbeidsvillige, og hjelpt oss med mykje god og lokal informasjon.

I samband med bygginga har den eine busslomma på strekninga Ekset – Furene blitt fjerna.

– Årsaka er at den var såpass nær kollektivknutepunktet i Furene, og det var og eit ønske frå fylkeskommunen at denne busslomma vart fjerna.

– Alt ligg i rute til den nye fristen 22. desember. Det kan vere litt utfordringar med å få på plass den siste asfalten så seint på året. Det som står att av asfaltering er den delen av undergangen mot Volda og det som skal asfalterast inn mot Liaskarvegen på Ekset. Entreprenøren har gitt oss garanti på at dette skal ordne seg. Det som eventuelt står att til våren er pussing av grøntareal og såing. Elles skal alt vere ferdig til fristen, seier Bergby.

Asfaltert: Den nye gang- og sykkelstien mellom Furene og Ekset vart asfaltert førre veke. Foto: Joachim Åsebø