– Eg har vore ein av dei heldige. Eg likar meg veldig godt. Det er variert arbeid og eg får god oppfølging i eit godt miljø, seier Grinde.

Han har snart lagt bak seg tre år som lærling i Vik Ørsta, og tek sikte på å ta fagbrev som CNC-operatør i november. Ein CNC-operatør nyttar seg av ei datamaskin til å styre mekaniske maskiner som bearbeidar materiale. Det gjer dei mykje av i Vik Ørsta.

Lærlingar er nyttige

– Vil vi ha kompetente folk til å jobbe for oss, må vi også tilby dei lærlingplass slik at dei lærer seg faget, seier hovudtillitsvald Jan Torgeir Hovden og nesttillitsvald Jan Kristian Eidheim.

Men det krev også litt å ha ein lærling i bedrifta. Dei må ha oppfølging og rettleiing.

– I nedgangstider kan det vere vanskeleg, med større press på dei tilsette på å levere, og færre hender i arbeid. Vi veit at det er utfordrande fleire stader. Vi har vore heldige i Vik Ørsta som får dette til.

To lærlingar årleg

Kvart år tek dei imot to lærlingar. Dei har også samarbeid både med ungdomsskulen og den vidaregåande skulen i Ørsta om utplassering.

– På utplassering får elevane testa ut yrket. Då er det lettare for dei å finne ut om dette er noko dei ønskjer å satse på, eller om dei vil gå ein annan veg. Vi treng motiverte lærlingar og tilsette. Då er det viktig at dei vi får inn er motiverte for jobben og at dei veit at dette er yrket for dei. Fleire av dei vi har hatt inne har fått tilbod om jobb seinare.

Vik Ørsta har om lag 200 tilsette i Ørsta, og 70 i Vik.

– Med naturlege avgangar, er det viktig at vi får inn fagfolk i andre enden. Det får vi ved å ta til oss lærlingar. Og vi skulle gjerne hatt moglegheit til å ta til oss fleire, seier Eidheim.

Denne veka fekk Robin Grinde besøk frå Fellesforbundet. Dei følgjer opp lærlingane og besøker dei på arbeidsstaden.

– Jamt over ser vi at lærlingane vert godt tekne hand om. Det er viktig at dei har nokon som følgjer dei opp. Det er slik dei lærer faget. Ved å reise rundt til dei ulike lærlingane ser vi også på korleis dei ulike bedriftene praktiserer oppfølginga. Det er lærerikt for fleire, og gjer at gode løysingar kan vidareformidlast til andre, seier Bjarne Pettersen.

Ny stilling

Rektor ved Ørsta vidaregåande skule, Roger André Fylling, fortel at dei har merka at det er større kamp om lærlingplassane no, enn for berre nokre få år sidan.

– For tre til fire år sidan kunne eg seie til alle føresette og elevane at dei som ville ha læreplass, dei ville få det. Så enkelt er det ikkje i dag. I dag må både skulen, føresette og elevane sjølve trø til kraftig for å skaffe læreplassar. Eg tvilar ikkje på viljen frå dei ulike bedriftene. Vi ønskjer ikkje å svartmåle nokon, men det handlar om tida vi er inne i. Det har vore nedgangstider for fleire, seier Fylling.

Eiga stilling for lærlingar

Difor har skulen no gjort det dei ser på som eit viktig grep for både elevar og for bedriftene.

– Vi har oppretta ei 60 prosent stilling som jobbar utelukkande med dette. Beate Mork har jobben med å opprette kontakt og vere eit bindeledd mellom skulen og bedriftene.

Stillinga vart oppretta i haust.

– Målet er å finne løysingar som gjer at fleire kan ta til seg lærlingar, om det er innan byggfag, blomsterfaget, restaurantfaget m.m. Både små og store bedrifter vil nok høyre frå oss. Vi trur dette er eit viktig grep for å sikre fagkompetanse i lokalsamfunnet, seier Fylling.

Besøk: Hovudtillitsvald i Vik Ørsta, Jan Torgeir Hovden, lærling Robin Grinde, nesttillitsvald i Vik Ørsta, Jan Kristian Eidheim, Johan Myrvold Bergdølmo frå lærlingpatruljen og Bjarne Pettersen frå Fellesforbundet. Foto: Janne-Marit Myklebust