Og guten vert rosa opp i skyene:

– Ja, det er verkeleg imponerande av unge Eirik å spele så godt orgel på gudstenestene slik han gjer. Eg trur ikkje alle proff-organistar hadde tort å stille opp på så kort varsel som det Eirik gjer, seier vikarprest Sindre Løvik.

Han heldt gudstenesta i Ørsta kyrkje søndag føremiddag. Og då den faste organisten måtte melde fråvær, var det ein konsentrert Eirik Stave som sat ved orgelet i kyrkja og trakterte instrumentet som om han skulle ha gjort det i mange år. Og han hadde berre fått nokre få dagar på å øve før gudstenesta, der han også spelte piano.

Tolvåringen Eirik Stave må kunne kallast eit spennande og stort musikktalent. Han har spela piano sidan han var fire og eit halvt år. Den offentlege spelinga starta som åtte-niåring i Ørsta frikyrkje. Og då handla det om piano, Eirik sitt hovudinstrument. Seinare har han spela piano under gudstenester i Ørsta kyrkje. Og så kom spranget til organistkrakken: Då det på julaftan i fjor var mangel på organist i Vartdal kyrkje, kom telefonen til unge Stave: Kunne han tenkje seg å prøve seg som organist i kyrkja? Tja, kvifor ikkje, vurderte Eirik og slo til. Og nokre dagar seinare var han var på plass bak det nye kyrkjeorgelet på Vartdal. Der gjekk spelinga så bra at han har vorte hyra inn fleire gonger, både ved påske og pinse, og no i haust – både på Sæbø, på Vartdal og i Ørsta-kyrkja. Og Eirik trivst som den kanskje yngste kyrkjeorganisten i landet.

Spennande

– Det er kjekt og spennande å spele kyrkjeorgel. Kjekt fordi er likar så godt å spele, og spennande fordi det kan vere krevjande musikk som skal framførast. Eg er litt redd for å spele feil, og i dag spelte eg ein feil, men eg kom fort inn i det att, fortel Eirik med eit stort smil.

Han øver til vanleg ein times tid på piano heime. Når han skal spele orgel i kyrkja, vert det litt meir. Noko kyrkjeorgelopplæring han har nesten ikkje hatt. Det handlar berre om ein einaste læretime, resten er sjølvlært.

Fotball

Dei som måtte tru at dette er ein gut som berre sit heime og øver og som ikkje styrer med anna på fritida, tek skikkeleg feil. Eirik er ihuga fotballinteressert og er ein habil spelar på Ørsta sitt trettenårslag. Og han heiar på Liverpool så det held, i tillegg til Haugesund, der mor hans kjem frå.

Trass ung alder har Eirik Stave vore med på ting andre på hans alder ikkje har: Som åtteåring fekk han æra av å dirigere Kringkastingsorkesteret i samband med NRK-satsinga «Da KORK kom til bygda». Og no er han med i talentutviklingsprogrammet Unge musikarar, som går føre seg på NTNU, som gir spesielt talentfull ungdom i alderen 13–19 år eit supplement til undervisninga dei tek imot lokalt. Innimellom dreg Eirik og faren Knut Stave til Trondheim for å betre pianospelinga gjennom talentutviklingsprogrammet.

– Samspel som er kjekkast, fortel tolvåringen.

Om det er musikk han skal satse på som vaksen, nei, det anar ikkje åttandeklassingen på Ørsta ungdomsskule.

– Vi får sjå, kanskje satsar eg på musikk, eller kanskje vert det fotball. Begge deler er like kjekt, fortel den purunge vikarorganisten.