Stokken, som tidlegare har vore nestleiar i ungdomsrådet, tek over vervet frå Lisa Follestad.

- Eg syns det er ei spanande oppgåve, som eg gler meg til å ta fatt på. Eg er oppteken av at Ørsta skal vere ein trygg  og god stad å vekse opp, og det vil eg jobbe for gjennom ungdomsrådet fortel Stokken.

Spesielt det å få slutt på mobbing er ein av hjartesakene. Stokken er 16 år og går til dagleg på Volda vidaregåande skule. For å få resultat vil ho gjere sitt for at ungdomsrådet samarbeider tett både med administrasjonen og politikarane i Ørsta kommune.

Dei øvrige medlemmane i ungdomsrådet arbeidsåret 2017-18 er : Thea Valseth( nestleiar), Andre Fagerhol, Ina Mårstøl Vinjevoll, Eir Kjærbech, Jesper Vartdal, Vegard Lillebø, Karoline Dimmen, Kristoffer Kvammen, Kenneth Vatne og Anbjørn Steinholm Frislid( politikar representant).

Ungdomsrådet vil jobbe for barn og unge i Ørsta og vere deira talerør.

- Vi vil sikre at unge er teke med i alle avgjersler som vert gjort og at kommunen er ei kjekk kommune å bu i. Fyrste sak på agendaen for ungdomsrådet er å dele ut ungdomsmidlar. Vi håper dissa kan bidra til mykje kjekk ungdomsaktivitet i Ørsta.