– Vi ser eit stort behov for ny brannøving, og ønskjer kyndig hjelp til dette då vi meiner at vi ikkje har tilstrekkeleg kompetanse på dette området.

Det skriv einingsleiar for Ørsta kulturhus og kino, Janne M. G. Skarstein i eit brev til Ørsta kommune.

I brevet går Skarstein gjennom ei evaluering etter arbeidsulykka som var ved kinoen i september, då popkornmaskina tok fyr.

– Evalueringa syner at det er nødvendig med nokre tiltak for å unngå liknande arbeidsuhell i framtida. Ny rutine er på plass i kiosken. Feitt til popkornmaskina vert tilsett med ein gong maskina vert slått på, for mindre risiko for overoppheiting. Vi har også kjøpt inn og plassert i kiosken eit skumapparat for sløkking, som vil vere betre eigna enn pulverapparat om uhellet skulle skje igjen, skriv ho.