I sesongen 2016 til 2017 vart det i alt felt 37.738 hjortar i Noreg. Og i Møre og Romsdal vart det felt 10.299 hjortar, noko som gjer oss til det nest største hjortefylket i landet.

Berre i Sogn og Fjordane vart det felt fleire hjortar med 10.883 dyr, viser fylkesstatistikken frå fylkeskommunen.

Kvota for Møre og Romsdal var i 2016/2017 på 13.344 dyr. Fellingsprosenten i 2016/2017 var på 77 prosent. Dette

er den høgaste fellingsprosenten sidan 2009/2010.

Ørsta-jegerane bidreg nok sitt til det store talet på felte dyr - også i år.