Widerøe har opplevd sterk trafikkvekst over Ørsta–Volda, lufthamn så langt i år. Per 30. september var veksten på 6,5 prosent. Til og med september var det 81.093 passasjerar som har reist til og frå flyplassen, inkludert transfer så langt i år. Ørsta-Volda lufthamn er no den flyplassen med mest trafikk av kortbaneflyplassane på Vestlandet.

Den nye rundturen er på dagtid. Det vert sett opp ein ny avgang frå Oslo kl. til Ørsta-Volda via Sandane kl. 11.00, og med retur direkte til Oslo kl. 13.00. Dette gjeld måndag til og med fredag, og dessutan søndagar.

Seks direkteavgangar

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden, vil dermed ha seks direkteavgangar til Oslo dagleg på kvardagane.

– Det er ein kombinasjon av gode trafikktal og etterspurnad frå næringsliv og andre lokalt som gjer at vi set inn denne nye rundturen, fortel informasjonssjef Catharina Solli i Widerøe.

Ikkje sidan strekninga Oslo–Hovden vart kommersialisert, har det vore like mange avgangar.

Det var frå 1. april 2016 at statsstøtta forsvann for rutene mellom Hovden og Oslo. Det medførte rutekutt og ein auke i prisane. Med den nye ruta, er Widerøe tilbake på det same rutetilbodet som selskapet hadde før Oslo-ruta vart kommersialisert.

– Med den utviklinga som har vore til og frå Hovden i år, bestemte vi oss for å finne ut kva vi skulle gjere. Det handlar om korleis vi skal utnytte kapasiteten på fly og mannskap, og få dette til å gå i hop, seier Solli.

Ho håper og trur det betra tilbodet vil verte teke godt i mot.

– For oss handlar dette om trafikken begge vegar. Til dømes ser vi at med hyppige avgangar er det enklare for næringslivet å planleggje og halde korte møte, der kundar og kontaktar kjem raskt og effektivt inn, og kan ta returen etter få timar. Slikt er viktig for næringslivet, seier Solli.

Fryktar ikkje konkurranse

Ho avviser at det nye tilbodet kjem for å demme opp for ein eventuelt ny aktør i Fly Viking, som no trafikkerer kortbaneflyplassar spesielt i Nord-Noreg.

– Konkurranse er vi vande med, og konkurranse helsar vi velkomen. Vi har i ei årrekkje konkurrert med flyselskap som har flystorleikar som oss, med store selskap som opererer frå større flyplassar med større fly, og med andre transportformer enn fly, seier Solli.

Mellom anna meiner ho at Widerøe møter konkurransen med gode prisar.

– Det folk skal leggje merke til, er at vi har endra kampanjane våre vesentleg. Der vi tidlegare køyrde generelle kampanjar, til dømes gjennom kampanjar på fjernsyn, er vi no mykje meir målretta. Vi køyrer kampanjar opp mot spesifikke kundegrupper gjennom nyheitsbreva våre, og på sosiale medium. Dei som får nyheitsbreva våre, vil oppleve at vi kan ho gode og målretta tilbod mot dei flyplassane dei søkjer seg til, seier Solli,