Forbrukarrådet har sjekka generell og praktisk informasjon hos 1.374 fastlegekontor i landet. I tillegg er konkret sørvis og tilbodet av digitale tenester vurdert.

Ørsta er nummer 33 av fastlegekontora i Møre og Romsdal i testen, på plassen før Volda. I landet er Ørsta legesenter rangert som nummer 718, ifølgje Forbrukarrådet.

Dei fire indikatorane er vektlagde frå ein til hundre, og Ørsta skårar full pott på generell informasjon. På konkret informasjon har Ørsta fått poengsummen 48,0 og på konkret sørvis 54,0.

Der Ørsta legesenter kjem dårleg ut, er på digitale tenester. Der skårar Ørsta berre 32,5 poeng.

Volda legesenter, som er på ein 731.-plass skårar seksti poeng på generell informasjon. Vidare 48 poeng på konkret informasjon, 54 poeng på konkret sørvis og 45 poeng på digitale tenester.

Undersøkinga frå Forbrukarrådet går på informasjon og sørvis, og ikkje det medisinskfaglege.