Dagleg pendlar om lag tusen personar frå Ørsta til Volda, viser dei siste tala frå fylkesstatistikken.

Dei siste tala er frå fjerde kvartal i 2016, og då var det 1.006 som dagleg reiste frå Ørsta til Volda på arbeid.

I alt er det 1.914 personar som er busette i Ørsta kommune og som har arbeidsstaden utanfor kommune. Det er 1.127 personar som kjem frå andre kommunar og som har arbeidsstad i Ørsta.

Det er altså mellom Ørsta og Volda at pendlinga ikkje overraskande er størst. Medan 1.006 i fjerde kvartal i fjor reiste til Volda på arbeid, var det motsett 745 personar som reiste frå Volda og til Ørsta på arbeid.

Frå Ørsta og til Ålesund var det per fjerde kvartal 191 personar som pendla, medan talet til Ulstein var 171.