Det starta i små kår, midt under krigen, i lokale som var gammaldagse, sjølv til den tid å vere.

– Vi var 4–5 mann som stod og dreia samtidig, utan noko form for avsuging, og det kunne vere vanskeleg å sjå kvarandre!, fortel ein av arbeidarane, Henry Solheim i eit intervju som vart gjort i samband med 50-årsjubileet.

Skiparane var dei tre brørne Anders, Olai og Olav Øyehaug. Formålet med Brødr. Øyehaug Trevarefabrikk AS var å «drive suvenir og trevarefabrikkar og alt som står i forbindelse hermed».

Gunnar Ellingsen har skrive ei bok i samband med 75-årsjubileet. Her går det fram at fabrikken har oppfylt formålsparagrafen til fulle. Framleis kan Brødr. Øyehaug levere det meste som skal til for å drive trevarefabrikk.

– Fram til 1997 var det berre dreiing, og det var store seriar. No er det mykje mindre seriar og det er eit breiare spekter av produkt og ordrar. Vi kan gjere alt som kan formast i tre enten med dreiing eller fresing, seier Knut Olav Standal, som er dagleg leiar ved Brødr. Øyehaug.

Kundane er i hovudsak det som er att av møbelfabrikkar i Norge. Bedrifta er kjend for å lage eit mangfald av praktiske treprodukt, som til dømes skaft og kjevle. Men dette er marginalt i dag. Og suvenirproduksjonen vart utfasa på 90-talet. I jubileumsåret er det 17 tilsette ved bedrifta, som framleis er eigd av familien Øyehaug.

–Både talet på tilsette, og omsetnaden, har vore relativt stabilt dei fem-seks siste åra. Samstundes har det vore stor variasjon i dei produkta vi lagar. Og det er litt av styrken vår. Vi kan ta prosjekt og ordrar av ein viss storleik og omstille oss fort, seier Standal.

Som mange andre ved bedrifta har han lang fartstid. Han byrja i 1980, så snart han var ferdig med militæret. I veggane sit mykje av det som skapte det sunnmørske møbeleventyret: Nøysemd, gründerånd og praktisk sans.

– Og så er det dette med å ha langsiktige, og lokale eigarar. Det å ta ut det maksimale av profitt har ikkje vore noko mål. Det gjer at vi er botnsolide økonomisk, utan at det skal vere noka sovepute, seier Knut Olav Standal.

Møbelindustrien har vore råka av utflagging og konkurranse frå billege produkt frå utlandet, men trevareproduksjon i Norge kan framleis vere liv laga, meiner Standal.

– Eg er vel det som heiter nøktern optimist. Så då er det berre å halde fram på same måten, seier han.

Høgtid: På jubileumsfesten 30.sept fekk Jan Magne Aurvåg Norges Vels medalje for 30 år i bedrifta, av ordførar Stein Aam. Reidar Nilsen fekk og utmerkinga ,men var ikkje til stades.
på besøk: Einar og Per Øyehaug saman med dagleg leiar Knut Olav Standal. Foto: svein aam