Difor får ho ikkje vidare opphaldsløyve i Noreg.

UNE har vurdert om Angelie skal få fornya opphaldsløyve for å studere matkultur og helse på Høgskulen i Volda.

– Studiet til klagaren er ikkje ei vidareføring av klagarens tidlegare studie i Noreg, meiner UNE.

Arbeidskontrakt

UNE viser også til at klagaren heller ikkje har sannsynleggjort at føremålet med opphaldet i Noreg er å ta heiltidsstudiar. UNE viser til at ho i klaga gir opp at ho no har fått ein arbeidskontrakt, og at ho gjennom dette håper å få tilstrekkeleg med norskkunnskapar slik at ho kan halde fram studiane seinare.

– I påvente av denne avgjerda i saka er klagaren innvilga utsett iverksetjing. Det vil seie at ho har hatt lov til å opphalde seg i Noreg på same vilkår som hennar tidlegare løyve.

Ikkje lov å arbeide

UNE seier at klagaren sitt førre opphaldsløyve fram til 31.8 2017 ikkje gav løyve til å arbeide ved sidan av grunna hennar manglande studieprogresjon. Dette inneber at klagaren ikkje har hatt lov til å arbeide, verken deltid eller heiltid. Ulovleg arbeid kan føre til utvising frå Noreg, skriv UNE.

UNE meiner også at det i denne saka ikkje ligg føre sterke menneskelege omsyn eller særleg tilknyting til Noreg for klagaren i denne saka.