Iveren var stor for å samle inn pengar til TV-aksjonen då Dalane skule torsdag heldt skuleløp til inntekt for NRK TV-aksjonen.

Han går til UNICEF og deira arbeid for å skaffe skulegang til barn råka av krig og konflikt. Løpet på Dalane gjekk rundt skulen, og elevane hadde på førehand skaffa seg sponsorar som betalte ein valfri sum for kvar runde, så her var det moglegheiter for å skaffe mange viktige kroner til barn i andre land, som ikkje er fullt så heldige som norske skulebarn er.

Initiativ

Lærarane tok initiativet til skuleløpet, for å gi alle elevane høve til å hjelpe andre, og motivere dei til å gjere ein innsats for TV-aksjonen.

Dei vaksne på skulen stilte som rundetellarar, og sørga for å notere ned kor mange runder elevane klarte i løpet av 30 minutt.

– Elevane i første til fjerde klasse sprang runder på 150 meter, medan dei eldste elevane si løype var 300 meter, fortel rektor Audhild Baarholm Øye.

Ho var imponert over innsatsen til dei 67 elevane som på førehand hadde fått god informasjon om TV-aksjonen.

– Elevane er opptekne av aksjonen, og dei har hatt eit eige opplegg kring dette i undervisninga, fortel Øye nøgd.

Sprudlane: Nokre av 10-åringane ivra slik etter å byrje å springe at dei spratt til vers under oppvarminga. Foto: Roy-Arne Folkestad