– Viser til informasjon om «eit kort kurs» (Bibeltrim) i skuletida for femteklassingane i Ørsta-skulane, der det er tenkt at tilsette i kyrkja skal drive undervisning i skulen. Vi har fått førespurnad frå foreldre om dette kan vere lovleg, sidan det vert lagt opp til ein kvalitativ skilnad mellom dei ulike trus- og livssynssamfunna. Heller ikkje er det sagt noko om det er etablert aktiv på- eller avmelding til kyrkja si undervisning i skulen. Det er heller ikkje lagt opp til alternativ undervisning, skriv fylkesleiar Sverre Støren i eit brev til kommunen.

Møte

Der bed han også om eit møte, før dei eventuelt vil fremje ei klage.

– Førehandsvarsel er, så vidt vi kan sjå, ikkje gitt frå skulen om denne undervisninga i faget, slik det er plikt til, i god tid.

Støren har notert nokre spørsmål som han vil ha som grunnlag for drøfting med kommunen: – Kjem skulane i Ørsta til å lage tilbod om Bibeltrim for femteklassingane? Meiner de dette er objektivt, kritisk og pluralistisk undervisning? Korleis sikrar de kvalitativt likestilt opplæringstilbod som blir gitt i dei andre religionane/livssyna? Dette representerer eit innanfrå perspektiv – korleis sikrar skulen balanse? Med dette som bakgrunn ber vi om at de kallar inn til møte rimeleg raskt, avsluttar Støren.