Overrekkinga skjedde under ein høgtideleg seremoni på Borgund Folkehøgskule laurdag. Fylkesmann Lodve Solholm overrekte æresbeviset på vegner av Kongen. Per Oddvar Hildre får utmerkinga for "sin fremdragende innsats for kor og kultur."

Hildre vert med dette "Kommandør av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden", ei høgehengande utmerking frå Kongehuset som "belønning for utmerkede fortjenester for Norge og menneskeheten", som det står i statuttane.

Under seremonien i Ålesund var salen fylt av koristar og andre som har jobba saman med Per Oddvar Hildre.

Kammerkor

Hildre har mellom anna dirigert Sunnmøre Kammerkor og Det Norske kammerkor. Sistenemnde framførte tre songar under seremonien.

Til stades var også dei som har arbeidd for at Hildre skal få utmerkinga, mellom dei Erik Hillestad i Kirkeleg Kulturverksted, ordføraren i Volda, Jørgen Amdam, og representantar for Bispekontoret.

Per Oddvar Hildre, kona Ingrid Marie og barnebarnet Julia Maria. Foto: Arnulf Hjertvik