Vedtaket er gjort av Utlendingsdirektoratet (UDI). Og vedtaket gjeld frå i dag, laurdag 21. oktober.

No fortvilar både vener av den filippinske statsborgaren Angelie Acabo Telarma (34), og arbeidsgivaren hennar, Lars Oscar Fossen Øvstegård, over det dei meiner er ei umenneskeleg og kald handsaming frå UDI av kvinna. Telarma har tidlegare fått innvilga mellombels opphaldsløyve i Noreg på bakgrunn av utdanning, og søkte på ettersommaren i år om vidare opphaldsløyve på to år på bakgrunn av studiar. Det vart blankt nei. Ifølgje Øvstegård kan ho ifølgje UDI heller ikkje få mellombels opphaldsløyve fram til ho er ferdigbehandla av helsevesenet etter at ho no ligg på Volda-sjukehuset på isolat.

Au pair

Telarma kom til Noreg for fire år sidan og byrja då som au pair, noko ho var i to år. Frå januar 2015 hadde ho opphaldsløyve som student fram til august i år. Angelie har kombinert studiar ved Høgskulen i Volda ved å jobbe for Øvstegård AS på Strømpeneset. Der får ho gode skottsmål.

– Angelie har ikkje på nokon måte vore til last for det norske samfunnet. Ho har tvert i mot betalt skatt heile tida medan ho har vore her. Ho har gått på Høgskulen i Volda og har ikkje søkt om lån/stipend frå Lånekassa. Ho har greidd seg sjølv ved å jobbe deltid hos meg. Vi på Strømpeneset set ho høgt, og alle som jobbar der har vorte glade i henne.

Det seier arbeidsgivaren hennar, Lars Oscar Fossen Øvstegård.

UDI meiner at Øvstegård AS kan få dekt sitt behov for arbeidskraft gjennom andre arbeidstakarar enn Telarma. Opphaldsløyve grunna arbeid er ei ordning for personar med høgare utdanning, noko UDI meiner ikkje er tilfelle i denne saka.

I samtale med UDI har Øvstegård spurt om Angelie kan få mellombels opphaldsløyve fram til ho er ferdigbehandla av det norske helsevesenet.

– Svaret eg har fått er at det ikkje er rom for dette innanfor regelverket. Og vedtaket står såleis fast. Det er alvorleg dersom fristen for utreise ikkje vert overhalden. Det kan få konsekvensar for seinare søknader om å få kome til Noreg, m.a. på turistvisum, fortel Øvstegård.

Det er i utgangspunktet politiet som skal avgjere om Telarma kan få utsett fristen for utreise. Møre-Nytt har prøvd å kome i kontakt med Utlendingsavsnittet hos politiet i Ålesund, utan å lukkast.

Møre-Nytt sit likevel på informasjon om at politiet har kome med opplysningar om at dersom det vert snakk om ei vesentleg lenger utsetjing av utreise for Telarma, så er dette ei sak som UNE må ta stilling til.  Dette tilbakeviser UNE.

– På generelt grunnlag kan eg seie at dersom det handlar om utsett frist grunna sjukdom, skal politiet handtere dette. UNE handsamar berre substansen i sjølve vedtaket, fortel Bjørn Lyster, kommunikasjonsdirektør i UNE til Møre-nytt.

Saka hastar veldig for kvinna: Etter at vedtaket i UDI vart påklaga til Utlendingsnemnda, og no er endeleg etter at UDI sitt vedtak ikkje vart endra, er utreisefristen sett til i dag, laurdag 21. oktober. Og det altså sjølv om den unge kvinna, som ikkje har familie i Noreg, ligg på isolat på Volda sjukehus der legane trur ho har diagnosen tuberkulose, noko ho også har hatt før, ifølgje Øvstegård.

Møre-Nytt var fredag i kontakt med Volda sjukehus med sikte på å informasjon om Telarma sin helsetilstand og diagnose, noko pasienten gav løyve til. Møre-Nytt lykkast ikkje å få opplysningar før deadline.

Skaka

Øvstegård er sterkt skaka over kor lite menneskeleg omsyn UDI, UNE og politiet tek i saka.

– Hadde Angelie, med sin avgrensa økonomi, vore på Filippinane med tuberkulose, hadde ho kanskje ikkje overlevd. Det er urimeleg at Angelie ikkje lenger får vere i landet, men endå meir urimeleg er det at ho kan verte kasta ut i ein situasjon der ho er sterkt råka av sjukdom, meiner Øvstegård.

UDI har altså gitt Angelie avslag på lenging av midlertidig opphaldsløyve. I tillegg til å jobbe, har ho også gått barnehageutdanning i Volda, men denne utdanninga fekk ho ikkje godkjent praksisperioden for, grunna for dårlege norskkunnskapar. Resten av utdanninga er godkjent. Ho vart difor av skulen tilrådd å ta eit år til på skule og trene seg i norsk, og ho starta på matfagutdanning på Høgskulen i Volda.

Avslaget på søknaden om vidare opphaldsløyve kom både fordi ho ikkje gjennomførte barnehagestudie på nominert studietid, og fordi vidare studie innan matfagutdanning ikkje var på høgare nivå enn det ho hadde teke frå før.

I klaga på vedtak om opphaldsløyve skriv Angelie Acabo Telarma at ho ved å vere i arbeidslivet ei tid, kan få styrka norskkunnskapen sin tilstrekkeleg, slik at ho kan få fullført barnehagestudiet anten neste år eller i 2019.

– Her handlar det altså om ei dame som ikkje har kosta det norske samfunnet ei krone, og som gjennom arbeid gir skatteinntekter. No har ho fast arbeidsforhold og siktar seg inn på høgare utdanning, utan at UDI vil endre vedtaket, seier ein oppgitt Øvstegård.

Han fortel at Angelie tek avslaget veldig tungt, og at ho ikkje føler seg verdsett som menneske.

– Det er utruleg at menneskelege omsyn er heilt fråverande, synest Fossen Øvstegård.

Fredag ettermiddag var det uvikling i saka. Då kom det ei erklæring frå sjukehuset om at Telarma ikkje kan ta fly på grunn av smittefare.

Angelie Acabo Telarma har gitt Møre-Nytt løyve til å presentere historia hennar.