– Klokka 14.00 sender vi ut bøsseberarane frå rådhuset på søndag. Vi håper på at folket i Ørsta tek godt i mot dei, seier leiar for tv-aksjonsnemnda i Ørsta, Karen Høydal.

I fjor vart det samla inn 489.147 kroner til tv-aksjonen i Ørsta. Nemnda håper på ein minst like vellukka aksjon i år. I år går inntektene til Unicef og deira viktige arbeid med å skaffe utdanning til barn råka av krig og konflikt. At barna vert utdanne er livsviktig, skal det vere mogleg å bygge opp att landa når krigen er over. Nemnda oppmodar alle om å støtte med det dei kan. Dersom du ikkje er heime når bøsseberarane kjem på døra, eller ikkje har kontantar har du sjansen til å vippse eller ringe inn ein sum. Bøsseberarane vil legge att informasjon om dette.

– Det er viktig at dei som skal vippse eller ringe inn pengar gjer det før 18.00, for då vert det registrert på Ørsta, påpeikar Høydal. Etter 18.00 går pengane framleis til TV-aksjonen, men vert registrert i den store nasjonale potten. Vi vil sjølvsagt at Ørsta skal gjere det så godt som mogleg .

Nemnda manglar litt bøsseberarar, så det er framleis mogleg å melde seg på blimed.no eller møte opp på rådhuset på søndag klokka 14.00.

TV-aksjon: Søndag er det klart for årets TV-aksjon.