Det er partane samde om etter at det i nokre år har vore strid om det nye kravet for festavgift frå Opplysningsvesenets fond si side.

Fondet ønskjer 500.000 kroner av Ørsta kommune i årleg festeavgift.

Kommunen har bede om ein kvadratmeterpris på 680 kroner, men fondet meiner dette er for lågt.

– Fondet kan ikkje samtykke i ei regulering av festeavgifta på dette grunnlag, skreiv advokat Ole Sperre til kommunen, på vegner av fondet, tidlegare i år.

Opplysningsvesenets fond ynskjer ein kvadratmeterpris på 1.050 kroner.

Ørsta kommune har avvist dette, og etter korrespondanse mellom partane er det semje om at dei er usamde. Difor hamnar saka no i Søre Sunnmøre tingrett. Der skal festeavgifta vert avgjort ved eit rettsleg skjøn.

Tomta til Ørstaheimen er ein del av den gamle prestegarden i Ørsta, og Opplysningsvesenets fond står difor som eigar av tomta.