smp.no Dei to i Uavhengig valliste Sunnmøre starta fredag ein underskriftskampanje for å behalde kjøkena på dei to sjukehusa på Sunnmøre. Som Sunnmørsposten har omtala i fleire artiklar, har konsulentar foreslått å samle matlaginga i Helse Møre og Romsdal til eit nytt storkjøken på det nye sjukehuset på Hjelseth. For halvanna år sidan starta dei to ein kampanje for å behalde akuttkirurgien ved sjukehuset i Volda. Det resulterte i 12.000 underskrifter som dei tok med til Oslo og overleverte helseminister Bent Høie. Akutt-tilbodet i Volda blei berga, og no sliper Kvalsvik og Ristesund kniven på ny.

Ber om hjelp

Fredag blei dei første listene lagt ut i Herøy og Sande der dei to fylkestingspolitikarane bur. No ber dei om hjelp frå andre, slik at kampanjen kan bre seg.

– Vi registrerer med skrekk og uro at det er forslag om å legge ned kjøkkena ved dei to sjukehusa våre. Dette strid veldig imot folkeviljen på Sunnmøre, seier dei to til Sunnmørsposten. Dei har blitt kontakta av mange dei siste dagane.

– Veldig mange er opptekne av dette. Dette gjeld heile Sunnmøre. No startar kampen for å behalde kjøkkena. Vi reiste til Oslo med 12.000 underskrifter sist runde. Vi tek gjerne ei runde til til helseministeren, seier Kvalsvik og Ristesund.

– Vi meiner aksjonen vår for halvanna år sidan var med på å avgjere utfallet.

Folkeopprør

– Vi treng hjelp frå dei som syns dette er ei god sak, seier Kvalsvik. Vi har ein liten organisasjon, men vonar folk vil ta kontakt slik at vi kan få ut lister mange stader. Dei vonar, og trur, på eit folkeopprør mot forslaget om eit samla storkjøkken.

Denne saka er først publisert på smp.no