Natt til torsdag stakk ein mørk Audi A4 med falske kjennemerke frå ein politipatrulje i Furene. Politiet opplyser at bilen har bulk på høgre side bak og at venstre spegl er knust.

Møre-Nytt får opplyst at politipatruljen ville stoppe og kontrollere den aktuelle bilen, men det ville ikkje bilføraren vere med på og stakk av i retning i Volda. Det var to personar i bilen.

Politiet ber publikum om opplysningar kring bilen.