Skyssbåten MS Hjørundfjord har fått beskjed om å flytte frå den kommunale skyssbåtkaia på Sæbø. Dette er no gjort.

Det er i ein korrespondanse mellom Ørsta kommune og reiarlaget Hjørundfjord Fjordservice at det går fram at det har vore ei viss usemje om bruken av den kommunale skyssbåtkaia på Sæbø.

I sommar fekk ein ny operatør, Christian Gård, driftsansvaret for skyssbåten på Hjørundfjorden. I samband med dette har det frå pendlarar kome klagar på at den nye operatøren ikkje har fått lagt til ved kaia, som er ei flytebryggje.

Kommunen har overfor den tidlegare operatøren presisert at den eine sida av kaia skal nyttast av den båten som har driftsansvaret for skyssbåten, og den andre sida av småbåtar som har behov for korte stopp.