– Frå gammalt av er det slik at det var Ørsta og Volda kommunar som løyste ut arealet til flyplassen i Hovdebygda. Etter kvart tok Luftfartsverket (seinare Avinor) over drifta av flyplassen og eigarskapen, men framleis er mykje av arealet i kommunal eige, fortel lufthamnsjef Sverre Bae.

Vil rydde opp

Difor har det nokre år vorte arbeidd med eigarskifte for fleire område ved flyplassen.

– Det er ein prosess som ikkje har gått særleg raskt. Det er vel rett å seie at det har gått tregt både hos Avinor og hos kommunane. Desse gamle sakene ynskjer vi no å få rydda opp i, seier Bae.

Han fortel at det frå Avinor si side er ynskjeleg å ha eigarskapet til arealet, nettopp for å kunne sjå meir heilskapleg på området, og tenkje langsiktig.

Denne veka handsama formannskapa i Ørsta og Volda eigarskifte for eitt av dei aktuelle områda.

Det er på 12,7 dekar, og ligg vest for hangarområdet, mellom rullebana og Torvmyrvegen.

Masse frå Voldatunnelen

– Her er det snakk om å sikre eit areal for utvikling på lang sikt. Vi har ein interessent innan luftfart som er interessert i areal. Men dette har såpass langt perspektiv at det handlar om utvikling etter at Voldatunnelen er bygt. Då kan vi få hand om tunnelmasse som er naudsynt for å få stabilisert arealet etter at vi får drenert og teke ut myrmasse, fortel Bae.

Trekanten

I tillegg til dette arealet vert det sikra areal til Ørsta og Volda flyklubb, som er i ferd med å byggje hangar.

– Og så har vi det såkalla trekantområde, der det no er tilsettparkering. Dette er også eit område som er i kommunalt eige, men der det er ynskjeleg at Avinor kjøper arealet, seier Bae.

Han fortel at arbeidet med eigedomsoverdragingar no er prioritert. Og prisen er heller ikkje den dyraste. For det området som det er avtale om å kjøpe no, er kvadratmeterprisen 5,27 kroner. Samla kjøpesum for det 12,7 dekar store arealet vert då samla sum vert 67.000 kroner.

I avtalen er det med eit punkt om at kommunane har rett til å kjøpe arealet tilbake.

Langsiktig: – Avinor tenkjer langsiktig for Ørsta og Volda lufthamn, og ynskjer hand om meir av arealet på flyplassområdet, seier lufthamnsjef Sverre Bae. Foto: Rune Sæbønes