Det viser tal frå fylkesstatistikken som er lagt fram av Møre og Romsdal fylkeskommune.

I perioden 2007 til 2016 er det omdisponert 1.000 dekar dyrkajord i Ørsta kommune. Tett bak følgjer kommunane Nesset, Vestnes og Fræna. Volda ligg på femteplass på lista. Der er det omdisponert i underkant av 600 dekar.

– Eit mål med dyrkajord krev tiår å byggje opp, men berre ein augneblink å øyde med å til dømes bygge ein veg over. Vi treng ikkje å sjå lenger enn til Mosflata. Det er det flottaste området som reiser no, men Ørsta sentrum si utvikling krev det, og det må vi akseptere. Der har det vore ein grundig politisk prosess. Men vi skal vere forsiktige med å omdisponere jordbruksareal i utrengsmål, seier ordførar Stein Aam (SP), som sjølv er bonde og oppteken av jordvern.

Han er skremt av dei høge tala.

– 1.000 dekar er mykje. Eg har snakka med landbrukssjefen, og vi er ikkje heilt sikre på kva som ligg bak desse tala. Kanskje er det snakk om nokre gamle synder også. Der er mellom anna fleire hundre mål på Standal, ved masseuttaket der, som kan vere med på å dra statistikken veldig opp, men her skal mykje av arealet førast tilbake, ifølgje reguleringsplanen, så det kan vere med på å rette litt opp.

Aam føler at han kan stå med rak rygg når det gjeld mengda jordbruksareal som er omdisponert dei siste to åra, mens han har sete i ordførarstolen.

– Då er det ikkje snakk om dei store tinga. Vi har eit industriområde i Hovdebygda på om lag 33 dekar. Så har vi noko småtteri på tomter, og noko areal til Marine Harvest på Ytre Standal. Elles er det lite av dyrkaareal som eg kan kome på, på ståande fot.

Aam seier at også Stortinget har lagt føringar for norske kommunar for å få dei til å avgrense mengda dyrkajord som forsvinn.

– Dette er noko vi er opptekne av i Ørsta, og som både kommunestyre, landbruksnemnd og administrasjon jobbar for å avgrense så langt det let seg gjere. Og for meg som SP-mann, skal eg ikkje sleppe opp i denne saka. Det er skrikande behov for matproduksjon i verda, og den kjem den dagen der vi må ta i bruk meir areal til å dyrke mat.

Til saman har kommunane i Møre og Romsdal omdisponert vel 9.000 dekar dei siste åra. Tala viser at det er mest omdisponering i kommunane med flest innbyggjarar og med eit tydeleg bygdesentrum.

Tal frå NIBIO (norsk institutt for Bioøkonomi) viser at om lag ein firedel av nedbygd jordbruksareal vert brukt til samferdsel, mens halvparten vert brukt til bustadbygging og næringsareal.

På landsbasis vart det omdisponert om lag 127.000 dekar jord i same periode. Omdisponeringa av dyrkajord i Møre og Romsdal utgjorde 7,2 prosent av den samla omdisponeringa i landet.