– Det er ein tankevekkar at eigarar av elbilar slepp unna stort sett alt av bompengar, ferjebillettar, at dei får gratis parkering mange stader, at dei får køyre i kollektivfeltet, får gratis straumlading, dei slepp eingongsavgift, har redusert årsavgift m.m., sa Karen Høydal (Ap) då kommunestyret diskuterte sak om elbilar.

Det var Marit Aklestad (SV) som i ein interpellasjon etterlyste fleire ladestasjonar for elbilar i Ørsta.

– Kva konsekvensar får alle gratistiltaka for elbilar for folk flest? Vi treng å sjå litt på konsekvensane. Det vil ta lenger tid å betale ned nye vegprosjekt. Det gir auka straumforbruk, heldt Høydal fram.

Ho viser mellom anna til at om lag 40 prosent av det totale bilsalet i dag er handel av heil- eller delvis elektriske bilar.

– Men produksjonen av desse bilane er vel ikkje så miljøvennleg? Kva med batteria? spurte Høydal.

Reduserer klimautslepp

– Eg har elbil, og får køyre gratis i kollektivfeltet. Men vi har lite av det i Ørsta. Men eg bidreg i alle fall med å redusere klimautslepp, og det er eg nøgd med, sa Gunnar Knutsen (V).

– Det gjer eg også, som har ein Volvo som slepp ut lite gassar, svarte Høydal.

– Vi må ikkje bli så navleskodande at vi ikkje ser at konsekvensane og kostnadene for å ikkje ta store tak for å seinke klimagassutsleppa, er større enn konsekvensane for den einskilde betalar. Å ikkje gjere tiltak vil bli dyrt, sa Frida Gillberg (MDG).

Tiltak

– Eg meiner ikkje at vi ikkje skal gjere tiltak, repliserte Karen Høydal.

– Men eg meier at også elbileigarane skal vere med på å betale til fellesskapet.

Kommunestyret vedtok å sjå på etablering av nye ladestasjonar, i samanheng med budsjetthandsaminga for 2018. Mellom anna er det planar om utviding av Amfi, og i høve dette, er hurtiglading for elbil aktuelt.

ENOVA dekkjer inntil 40 prosent av godkjende investeringskostnader, med ei øvre grense på inntil 200.000 per trippelstandard hurtigladar. Dvs. at Ørsta kommune kan søke om tilskot til berre to trippelstandard ladestasjonar. Hurtigladestasjonane som er under planlegging, er kalkulert å koste om lag ein million kroner.