– Vi har sendt ein førebels søknad innan den kommunale søknadsfristen. Til årsskiftet, då fylkeskommunen sin søknadsfrist går ut, skal vi ha ein komplett søknad ferdig, seier leiar i Vartdal TIL, Jon Helge Bjørndal.

Det var rett før jul i fjor det vart semje mellom grunneigarane og Vartdal TIL om ei utbygging av idrettsanlegg ved skulen på Vartdal. Semja kom like før ei rettssak om oreigningsvedtaket som kommunestyret gjorde på vegner av Vartdal TIL. Semja medførte ei redusert utbygging, men slik at Vartdal TIL kan få bygt eit moderne fotballanlegg med kunstgrasbane og lysanlegg.

Sidan har det vorte arbeidd intensivt med å få til ei finansiering.

– Her er det snakk om nybrottsarbeid. Det er eit anlegg som skal byggjast frå grunnen, og ikkje leggjast på eit allereie eksisterande anlegg, forklarar Bjørndal.

Dette vil koste. I den førebelse spelemiddelsøknaden er det ei kostnadsramme på 10,7 millionar kroner eksklusiv moms. Med moms handlar utbygginga om kring 15 millionar kroner.

– Men slik regelverket er no, vil vi få refundert momsen, seier Bjørndal.

Alle detaljar i finansieringsplanen er ikkje klare. Det er dette som må på plass til nyttår.

– Vi manglar noko dokumentasjon på finansieringa, men håper og reknar med å få dette på plass, seier Bjørndal.

Det statlege bidraget, altså spelemidlane, vil vere på i overkant av fire millionar kroner. Resten handlar om sponsorstøtte, bidrag og lån.

– Vi håper på mykje støtte frå næringslivet på Vartdal og i Ørsta. Vi går i desse dagar også ut med invitasjonar om andelsbrev til bygdefolket, og håper på god respons, seier Bjørndal.

Når søknaden formelt vert sendt fylkeskommunen ved årsskiftet, er spenningsmomentet kor høgt Vartdal TIL vil vere prioritert. For det handlar om renteutgifter. Desse tidlegare spelemidlane kjem, dess tidlegare kan eit byggjelån verte nedbetalt.

– Det er hard konkurranse med andre anlegg, hallar til dømes. Men vi har fått signal på at den dagen søknaden frå VTIL kjem, då vert han prioritert høgt, seier Bjørndal.

Han håper på det fyrste spadestikket til våren/sommaren, når søknaden er stadfesta og godkjent.