Riise tok over gardsdrifta på Rise i Bondalen i 2010.

– Eg ville at garden skulle leve vidare. Det var mitt utgangspunkt. Eg bygde om hønsehuset for å ligge i forkant av nye krav til lausdrift som slår til for fullt frå 2021. Det er store kostnader. Det vil eg også tru er ei av hovudårsakene til at ikkje så mange tør å satse på eit liv som bonde. Det er kostbart å omstille seg om du står aleine, seier Riise, som driv både med eggproduksjon og mjølkekyr.

Tal frå søknadene om tilskot til produksjon i jordbruket dei siste ti åra viser at snittalderen til bøndene aukar. Snittalderen på søkarane auka frå 48 til 52 år i løpet av dei ti siste åra. Aldersgruppa 50 til 59 år er no den største. For ti år sidan var gruppa 40 til 49 den største. Det er nedgang i alle aldersgrupper under 60 år, men auke både i gruppa 60 til 69 år og i gruppa 70 til 79 år, viser fylkesstatistikken.

I aldersgruppa 30 til 39 år er det stabile tal frå 2011 til 2016, noko som er eit positivt teikn, men gruppa bønder over 67 år er om lag like stor. 13 prosent av bøndene var over 67 år i 2016, mot fire prosent i 2006.

– Om det ikkje lykkast med rekruttering av fleire yngre, vil alderssamansetninga i næringa by på store utfordringar i tida som kjem, skriv fylket i statistikken.

– Store kostnader er ein ting. Politikken som vert ført vil eg tru er ein annan grunn. Det følest ikkje som om der er lys i tunnelen. Politikarane er veldig sentraliserte. Då må du vere stor for å kunne få utbytte av det. Og skal du vere stor får du gjerne utbyggingskostnader som raskt når ti millionar kroner. Slik ting fungerer no, er det lite framtidsretta, seier Magne Riise.