Det har vorte færre grunnskular i fylket dei siste åra. I 2016 var det 202 grunnskular i fylket. Av desse er 123 barneskular, 50 kombinert barne- og ungdomsskular og 29 ungdomsskular. Sidan 2002 har det vorte totalt 55 færre grunnskular i fylket. Den største nedgangen er det for barneskular, med 46 færre. Det er sju færre kombinerte barne- og ungdomsskular, og to færre ungdomsskular.

Dette kjem fram i fylkesstatistikken frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Nasjonalt har det vore ein nedgang på 440 barneskular, 12 kombinerte barne- og ungdomsskular og 23 ungdomsskular sidan 2002. Kommunarne med den største nedgangen i talet på grunnskular i fylket sidan 2002 er Ørsta og Herøy. Møre og Romsdal står for om lag 12 prosent av nedgangen i talet på grunnskular i Noreg sidan 2002.

Flest mellomstore skular

Av dei 202 grunnskulane i fylket har 45 prosent mellom 100

og 299 elevar. 42 prosent av skulane i fylket har færre enn

100 elevar, mens 13 prosent av skulane har over 300 elevar, viser fylkesstatistikken til Møre og Romsdal fylkeskommune.

12 kommunar i fylket har skular med over 300 elevar.

I landet elles er det fleire skular med høge elevtal enn i Møre og Romsdal. 30 prosent av skulane i landet har over 300 elevar.

Delen mellomstore skular med mellom 100 og 299 elevar i fylket er om lag som i landet elles. Møre og Romsdal har fleire skular med under 100 elevar enn gjennomsnittet i landet. 30 prosent av skulane i landet har færre enn 100 elevar.

Ålesund har med sine 21 skular flest i fylket, etterfølgd av Molde med 14 og Kristiansund med 13 skular.