Tysdag reiste formannskapet i Ørsta på synfaring på Myklebustsetra. Handsaming av områdereguleringsplanen som m.a. omhandlar Myklebustsetra stod ikkje på sakslista, men saka var planlagt handsama på neste møte i utvalet. Områdereguleringsplanen omhandlar både Myklebustsetra og utbygging av hytter på andre sida av vegen.

På Myklebustsetra vart politikarane møtt av m.a. Per Reidar Myklebust i Myklebust gardslag.

– Vi vil ha vern gjennom bruk på Myklebustsetra. Utsjånaden på sela skal vere i same stil som i dag, men at det skal vere mogleg å gjere noko med t.d. storleiken på enkelte av sela. Blir ikkje sela brukte er vi redde for at dei vil forfalle, sa Myklebust.

Grunneigarane ønskjer at sela skal vere mellom 50 og 60 kvadratmeter, at det ikkje skal byggjast eit fellestoalett for setra og at dei får byggje ei kvi til å ha dyr i om sommaren. Miljøvernrådgjevar Magnar Selbervik i kommunen var med på synfaringa og orienterte politikarane om saka frå administrasjonen si side. Myklebustsetra er per i dag ikkje verna, men er ei av fire setrer i Ørsta kommune som står på lista over regionale kulturminne i Møre og Romsdal. Selbervik understreka at dei har prøvd å kome ønskja til grunneigarane i møte og lagt dei fram for fylkeskommunen. Svaret frå fylkeskommunen har vore negativt, og skal Ørsta kommune ta opp att dialogen må det kome fram nye moment.

Blant politikarane var det vilje til å prøve å kome grunneigarane i møte. Etter synfaringa vart dei ulike problemstillingane laust diskutert, men det var semje om å gå vidare dialog med fylkeskommunen før områdereguleringsplanen vert handsama av utvalet.

– Vi må i dialog med fylkeskommunen før vi handsamar saka vidare. Det som må gjerast er å få vekk dei punkta som vi enkelt kan gjere noko med og så forhandle og sjå kva vi kan kome fram til saman med fylkeskommunen, sa ordførar Stein Aam.