Madsen var førre veke tre dagar i Ørsta for gå igjennom dei såkalla KOSTRA-tala med leiinga og politikarar i kommunen.

KOSTRA-tala er eit grunnlag for å synleggjere korleis kommunane brukar pengane sine, og korleis dei prioriterer.

Samanlikninga av tala baserer seg på kommunestorleiken, utgiftsbehovet og inntektsnivået til kommunen. Og det er på inntektsnivået Ørsta skil seg spesielt ut.

– De har mindre å bruke. De kan ha same utgiftsbehovet, men de har 35 millionar mindre i frie inntekter enn samanliknbare snitt, sa Madsen.

Ørsta ligg også litt over samanliknbare kommunar på utgiftsbehov, og årsaka trur Madsen, ligg i at Ørsta er ein stor kommune geografisk, og har spesielle topografiske forhold med fjordar og fjell.

Kvifor Ørsta har mindre i inntekter, ville ikkje Madsen spekulere i.

– Men eg vil tru at det har med skatteinntektene å gjere, at Ørsta er ein låginntektskommune, sa Madsen.

KOSTRA-tala viser at Ørsta brukar meir pengar enn andre spesielt på pleie og omsorg og på barnehage. Kommunen brukar mindre pengar enn andre spesielt på sosialtenester og administrasjon.

Madsen var oppteken av å få fram at KOSTRA-tala isolert sett berre fortel korleis kommunen prioriterer.

– Tala seier ikkje noko om korleis innbyggjarane opplever kvaliteten på tenestene. Det å nytte seg av det verktøyet som KOSTRA-tala er, må ikkje verte eit krinsmeisterskap i pengebruk. Det gjeld å finne ut kva brukarane meiner om kvaliteten. I skulen er det brukargranskingar. Også andre avdelingar kan ha slike granskingar, sa Madsen.

Madsen var klar på at KOSTRA-tala er eit prioriteringsverktøy. Med å bruke samanliknbare tal kan kommunen vurdere korleis ein skal prioritere.

Men på spørsmål om han hadde råd for korleis Ørsta t.d. skulle prioritere innan skulesektoren, var Madsen heilt klar. Han verken ville eller skulle kome med noko råd. Det er eit politikaransvar.

Ordførar Stein Aam (Sp) oppsummerte på si side det han meinte var essensen i Madsen si orientering.

– 35 millionar er ganske mykje pengar.