Hendinga som mannen var tiltalt for skjedde i januar 2016. Ifølgje sakspapira hadde mannen på Nordre Vartdal på veg mot Barstadvika. Der hadde mannen sovna og ved sida av seg hadde han ifølgje vitne ei flaske med alkohol. Mannen vart vekt, og valde å køyre vidare. Politiet kom til staden, og utandingsprøve viste ein alkoholkonsentrasjon på 0,68 milligram pr. liter luft.

I tillegg var mannen tiltalt for eit anna tilfelle av promillekøyring. I Søre Sunnmøre tingrett vart han dømd til 45 dagar i fengsel. Fullbyrdinga av straffa vart utsett med ei prøvetid på to år. Mannen må betale 35.000 kroner i bot, og må tole eit tap av førarretten i tre år.