Politiet har ikkje funne ut kva som var årsaka til brannen på Vartdal 13. september.

– Teknikarar har undersøkt brannåstaden. Den var heilt utbrend og dei fann ikkje noko klar årsak. Det var ikkje tilkopla straum i bustaden, fortel lensmann Guttorm Hagen.

Huset på Remen brann ned til grunnen. Det budde ikkje nokon i huset, men eit par skulle overnatte i huset brannkvelden. Dei skal ha vore ute på tur då brannen starta.