– Om ting går som vi trur, og som aktiviteten vår viser, reknar vi med ein auke på 13 prosent i år. Rekna om til reine tal, vil det seie at vi i fjor selde 72.000 dører, og i år reknar vi med å nå 80.000. Det er snakk om ei omsetning på rundt 130 millionar kroner, fortel dagleg leiar Jan Runar Holsvik.

Aukar lagerkapasiteten

Så godt gjer dei det, at i ei tid der tal frå byggebransjen viser at 2018 kan bli eit litt trongare år, doblar Bygg 1 lagerkapasiteten sin på Rystelandet. Dei har teke det stegvis. Bygget, med kontor, førte dei opp i 2005. I 2011 bygde dei lagerhall på 1.500 kvadratmeter. Til nyttår står nok ein lagerhall, med nye 1.500 kvadratmeter klar, med åtte meters takhøgd. Til saman boltrar dei 18 tilsette seg på 4.500 kvadratmeter. Neste plan er å ordne seg meir kontorplass. Også staben har auka, frå 15 tilsette i fjor, til 18 tilsette i år. Dette inkluderer deira nye seljarar i Oslo og i Harstad.

Ligg i forkant

Jan Runar Holsvik har vore med frå starten i 2001. Tida for furudører var på hell. Kvite innerdører var i vinden. Holsvik og fire andre ordna seg salsrettar på denne typen dører, og fekk ein pangstart.

– Det var fantastisk timing.

Etter kvart følgde fleire etter, og det vart prispress på dei kvite innerdørene. Men i kjent stil for Bygg 1, er leiinga føre var. Dei ligg i forkant, sonderer terrenget, og sørgjer for å ha på lager det kunden vil ha. I dag har dei til saman over 7.000 artiklar registrert i systemet. Innerdører og ytterdører, og andre produkt som gjer at kundane får ein ferdig pakke levert på døra – frå karmar til skruar. Kvar dag ryggar ein semitrailer inn mot lagerporten deira, med dørleveransar frå fabrikkane i Estland, Finland, Sverige og Noreg. Like mange dører går ut same vegen, ut til kundar rundt om i heile landet. Særleg langs kysten, frå Nordland i nord til Rogaland i sør, er dei store. Bring køyrer skytteltrafikk til Rystelandet for å ta unna alle leveringane.

– Vi har plass til å bli større. Utnyttar vi heile arealet vårt her på Rystelandet kan vi ordne oss eit lokale på 7.000 kvadratmeter. Spørsmålet er om vi vil det. Det kan vere ein fordel å vere små. Det er lettare å omstille seg, seier salssjef Egil Skar.

Til samanlikning byggjer IKEA eit varelager i Vestby no, på mellom 40.000-50.000 kvadratmeter.

– I slike samanhengar er vi ganske små, seier Holsvik.

Men dei satsar på meir vekst. Dei har meir å gå på, og med auka lagerkapasitet har dei også trua på å få det til. Alle åra dei har eksistert, har pilene peika oppover. I dag har dei ein marknadsdel på mellom åtte og ni prosent. Dei er blant dei tre største dør-leverandørane i landet. Dei har eit hårete mål om å kunne klare å ta 20 prosent av marknaden. Det vil seie ei omsetning på 300 millionar kroner.

– Og det trur eg held. Vi må ikkje bli størst for ein kvar pris. Vi treng ikkje gape over alt, seier Skar.

Framdriftsplanen er langsiktig. Dei ser føre seg å nå ei omsetning på 200 millionar i 2020.

Sørvis

– Sørvis. Det er det alt handlar om. Vi gir det vesle ekstra. Skal dørene leverast til eit stort bustadkompleks, pakkar vi dørene slik at det berre er å heise pakkane opp til rett etasje, i staden for at vi leverer alt i ein pakke. Og alt følgjer med, frå karmar til skruar. Det sparar kundane våre for ekstraarbeid. Det tek vi sjølve. Vi er også raske på levering. Her kjem lagerkapasiteten inn i bildet. Vi har til ei kvar tid store mengder med dører på lager, slik at vi raskt kan få ut bestillingane, fortel marknadssjef Kristian Ose Silseth.

Per dags dato har dei verdiar for om lag 22 millionar kroner liggande i reolane.

Dei har også gått dei digitale tidene i møte. Nye krav seier at alle delar av eit hus må leverast med rett dokumentasjon på materiale, reinhald, montering m.m. Bygg 1 jobbar med å få til eit digitalt arkiv for dette, slik at kundane enkelt kan hente ut informasjonen.

– Vi er nøydde til å gjere det enkelt for kundane. På den måten sikrar vi våre eigne arbeidsplassar. Pris kan vi ikkje konkurrere på åleine, derfor må vi vinne på andre måtar, som leveringstid, oppfølging og god sørvis, seier Silseth.

Leiinga: Salssjef Egil Skar, marknadssjef Kristian Ose Silseth og dagleg leiar Jan Runar Holsvik. Foto: Janne-Marit Myklebust
Plass: Lageret har åtte høgdemeter, og rommar verdiar for 22 millionar kroner. Foto: Janne-Marit Myklebust
Snart ferdig: Den nye lagerdelen har byrja å ta form, og til nyttår skal det stå ferdig. Med dette har dei dobla lagerkapasiteten sin, frå 1.500 til 3.000 kvm. Heile bygget, med kontor, er 4.500 kvm. Foto: Janne-Marit Myklebust