Planen inneber i første omgang å rive det gamle Mega-bygget i Volda sentrum. Dette bygget stettar ikkje krava til moderne butikkdrift. Dette bygget skal erstattast med eit nybygg som skal innehalde ein stor matvarebutikk. I tillegg skal nybygget innehalde leilegheiter.

– Vi ser føre oss eit kombinasjonsbygg med næring og leilegheiter. Tomta der Mega i dag har butikk er kjempefin, eit solrikt og vestvendt område mot sjøen, seier dagleg leiar i Coop Vest Eigedom, Svein William Nilsen til Møre-Nytt.

Tidleg fase

Utbyggingssaka er inne i ein tidleg fase med ein del lause trådar. Ei av utfordringane for å kunne utvikle og realisere planane for området rundt Mega er eit behov for Coop Vest for å sikre seg eit større areal. I dag eig Coop berre delar av butikken dei driv ved hamna i Volda. Opplysningsvesenets fond eig ein stor del av arealet som Coop vil sikre seg. Her skal det vere konstruktive og positive samtalar om avhending av eigedomar.

Leidulf Langvatn eig nabobygget til Mega-butikken. Volda kommune har hatt samtalar med han med von om kjøp av Langvatn sitt bygg. Dette vil vere heilt nødvendig for å få realisert utbygginga.

Har hatt møte

– Volda kommune har teke initiativ til møte, der kommunen sin advokat også har teke del, for å finne ut om Langvatn kan vere interessert i å selje eigedomen sin. Status i dag er at Langvatn skal tenkje seg om, og på eit tidspunkt kome med eit svar, fortel advokat Bjørn Kristian Hove.

Bygget til Langvatn er ifølgje Hove taksert til nær 30 millionar kroner. Langvatn skal vere tilbode eit betydeleg beløp som kompensasjon for tap av eigedomen sin.

Svein William Nilsen gjer det klart at Coop Vest ikkje ønskjer å tvinge seg på nokon.

– Nei, slik jobbar vi ikkje. Vi har sagt at det kanskje er ei moglegheit for å få til noko og utvikle området rundt Mega. Og det er opp til andre om dei ønskjer å bidra med tomter eller seksjonar, og bestemme om dei ønskjer å bidra til ei utvikling eller ikkje, seier Nilsen.

Vert planane realisert, handlar dei altså i første omgang om ein stor matvarebutikk og leilegheiter. Men det kan kome meir.

Prosessen

– I den fasen som prosjektet er i no, dreg vi opp ulike moglegheiter for ting som kan realiserast. Og prosessen avgjer kva som kan kome som tillegg. Difor vert det feil no å låse seg opp i noko, seier Svein William Nilsen.

Han vonar at prosjektet kan realiserast.

– Det vil i så fall verte eit betydeleg prosjekt i Volda sentrum. No tek vi den tida vi treng. Når det er sagt er renta låg og optimismen stor for å få til noko nytt i sentrum av Volda.

Vil kjøpe: Volda kommune forhnadlar no om kjøp av det gamle slakteribygget i Volda, som er eigd av Leidulf langvatn. Foto: Roy-Arne Folkestad