Brunvoll Volda, tidlegare Scana Volda, har sikra seg nye kontraktar til eit fiskefartøy og ein brønnbåt. Kontraktane gjeld framdrifts- og manøvreringssystem.

Den eine kontakten gjeld ein ny pelagisk trålar for selskapet Charisma Fishing Co. Ltd på Shetland. Den andre gjeld ein brønnbåt for Sølvtrans AS.

–Leveransane frå Brunvoll finn stad i løpet 2018. Leveransane frå Brunvoll er alle tilpassa det enkelte skipet sin aktuelle driftsprofil. Fellesnemnaren er optimaliserte og effektive system for sikkerheit, driftsøkonomi og miljøhensyn, står det i ei pressemelding.

Verdien av kontraktane er ikkje gitt opp.