Det inneber bygging av ein firefelts motorveg gjennom den planlagde Voldatunnelen.

– Nye trafikktal har medført behov for å regulere to tunnelløp. Ei utbygging som vist i reguleringsplanen vil ha ein kostnad på 1815 millionar kroner ut frå kostnadsanslag i Statens vegvesen med ei detaljering på pluss/minus 10 prosent, heiter det i framlegget.

Alternativt kan det i første omgang handle om eit fyrste byggjesteg med berre eitt tunnelløp. Då vil kostnaden vere 1,142 millionar kroner, heiter det i planframlegget.

Likevel vil det vere langt over det som det er lagt opp til i Nasjonal Transportplan (NTP), 900 millionar kroner, og som også er eit grunnlag for bompengepakken det vert arbeidd med for Ørsta og Volda.

Det er Statens vegvesen som har utarbeidd reguleringsforslaget for E39 Volda – Furene på vegner av Volda kommune. Når Volda formannskap no har lagt forslaget ut til høyring, har kommunen formelt overteke planen, og han skal vedtakast i Volda kommunestyre.

Men før vedtaket vert gjort, vert publikum og aktuelle instansar ynskte velkomne til å kome med merknader til forslaget. Høyringsfristen er sett til 24. november.

I hovudsak ligg planområdet i Volda kommune, men påverkar også Ørsta kommune.

3,5 km ny veg

Planframlegget strekkjer seg frå Volda, like sør for Sjukehuskrysset på E39 og endar i Furene i nord. Strekninga er på om lag 3.500 meter for det som gjeld ny E39. I tillegg kjem utbetringar og omlegging av lokalvegar og løysingar for gange og sykkel i Volda.

For sjølve tunnelen er det planlagt to tunnelløp med 9,5 meter brei profil i kvart løp. Vegbreidda skal vere 7,5 meter pluss ein meter bankett på kvar side. Det skal vere havarilommer for kvar 250. meter.

Kryssløysinga på Volda sida er ei rundkøyring med fire vegarmar om lag der Sjukehuskrysset ligg i dag. Sjølve krysset vert senka ned i terrenget, med om lag seks meter. E39 frå nord, altså frå tunnelen, vert ein fire-felts veg, og dei tre andre vegane i krysset er tofelts vegar. Alle vegane inn mot rundkøyringa er forma ut med gateprofil og kantstein.

Rundkøyringa har ein ytre diameter på 50 meter, og skal ha to køyrefelt. Sentraløya i rundkøyringa skal ha ein diameter på 26 meter.

For å få til ei god løysing for mjuke trafikantar i dette området er det foreslått ei planfri kryssing over sjølve rundkøyringa. Løysinga er universelt forma ut, og vil vere delt inn i eigne felt for gåande og syklande.

I planforslaget er det også lagt opp til ei ny rundkøyring i krysset Vikebygdvegen/Heltnevegen, og det er lagt opp til ei lenging av Kårstadvegen. Det vert endringar i vegsystemet fleire stader i dette området.

Furene

I Furene vil E39 Voldatunnelen verte kopla til dagens rundkøyring for E39 og Eiksundsambandet.

Frå tunnelinnslaget vil nye E39 verte ført i ein 200 meter lang betongtunnel mot rundkøyringa. Betongtunnelen skal verte dekt med lausmassar og det skal plantast til. Dette for å sikre viltinteressene i området. Det kjem også eit viltgjerde for å sikre at hjorten kryssar E39 via dagens viltovergang.

Dagens rundkøyring vil verte endra slik at det vert to køyrefelt i sirkualasjonsarealet.

I reguleringsframlegget vert det presisert at ei lenging av Torvmyrvegen ikkje er med. Men det vert skissert ei løysing korleis Torvmyrvegen kan kome. Han vil då eventuelt gå i ein kulvert nær rundkøyringa, og koplast på E39 lenger mot vest.