I statsbudsjettet er det løyvt pengar til fleire studieplassar både ved  Høgskulen i Ålesund og Høgskulen i Molde. Men ikkje i Volda. Men det er mangel på løyvingar til nye stipendiatar som er mest skuffande.

– Vi hadde både håpt og trudd på at vi skulle få pengar til fleire stipendiatar. Dette er noko vi vil arbeide med vidare, seier rektor Johann Roppen ved Høgskulen i Volda.

Kutt

Endringar i finansieringssystemet for Høgskulane gjer at det vert lagt opp til kutt i rammene. Kutta må takast i administrasjonen.

– For Høgskulen i Volda betyr det eit såkalla effektiviseringskutt på ca 1,8 millionar kroner. Alle høgskular og universitet er pålagde slik effektiviseringskutt. Høgskulen får også kutt ved at det i 2017 vart innført eit nytt finansieringssystem, og dette kuttet vert innført gradvis og får full effekt først frå 2019, seier økonomisjef Ingunn Welle ved Høgskulen i Volda.

Nybygg

Det planlagte nybygget med arbeidsnamnet «Sivert  Aarflot-huset» er omtalt i statsbudsjettet, men det er ikkje knytt pengar til dette prosjektet då det skal dekkast av høgskulens vanlege budsjett når det står ferdig i 2020.

–Det kan kome meir pengar til høgskulen om det er midlar som er sett av til fordeling seinare i 2018 – slik har det vorte gjort dei siste åra, står det i ei pressemelding frå Høgskulen.