Lånekassen har pr. i dag ute stillingsannonse til to sakshandsamarar i Ørsta. Tidlegare i år har det blitt tilsett personar i fem stillingar, i tillegg til at det har blitt søkt etter leiar for seksjon for saksbehandling i Ørsta. Tilsetjingane har ført til at det totale talet på tilsette har auka frå rundt tjue til tjuefem.

– Sidan 2015 er det fleire som har gått av med pensjon her i Ørsta, og det har ikkje kome til nye stillingar. Med tilsettingane i 2017 har vi på sett og vis auka stillingstalet, men vi må hugse på at vi også har mista tilsette, seier regiondirektør Solveig Festø.

Lånekassen har sjølv gått inn og sett nærare på sin eigen kontorstruktur med bakgrunn i at det på sikt blir auka digitalisering og behov for mindre manuell sakshandsaming. I august i fjor vedtok styret i Lånekassen å legge ned seksjonen i Ørsta. Etter ein politisk prosess vart det gjort om på vedtaket, og Ørstaseksjonen fekk halde fram. Lånekassen i Tromsø vil bli avvikla i løpet av 2019, medan Bergen først blir avvikla i 2023. Det blir då ein reduksjon frå 6 til 4 lokasjonar; i Oslo, Trondheim, Stavanger og Ørsta.

– Ørstaseksjonen krympa i fasen då det var snakk om nedlegging, og så har vi auka igjen etter at det vart klart at vi består. I omstillingsfasen med nedlegging har det også vore nødvendig å vurdere plassering av dei ulike oppgåvene innan manuell saksbehandling.

– Over tid har måten vi arbeider på forandra seg. Eit stadig aukande tal enkle saker vert behandla maskinelt, og vi står vi att med dei komplekse sakene. Alle dei fire seksjonane for manuell saksbehandling skal behandle saker som gjeld tildeling av lån og stipend. I tillegg skal Oslo og Ørsta i samarbeid bygge eit fagmiljø for behandling av saker som gjeld tilbakebetaling av lån. Det er mellom anna årsaka til tilsetjingane som vart gjort tidlegare i år, seier Festø.

Alle dei fem som har blitt tilsett ved kontoret i Ørsta tidlegare i år arbeider med tilbakebetaling av lån. Dei to nye stillingane som no er utlyst får arbeidsoppgåver innan tildeling av lån og stipend, slik at det fagområdet også blir noko styrka i Ørsta.

– Vi er no inne i ei spennande periode med oppbygging av fagmiljøet for tilbakebetaling i Ørsta, seier Festø.

Regiondirektør: Solveig Festø Foto: Joachim Åsebø