Det seier ordførar Stein Aam (Sp) i Ørsta etter at han har vorte kjend med dei nye tala for Voldatunnelen. Det vart under eit formannskapsmøte i Volda førre veke.

– Det er ei kjempesak for Volda at det vert satsa på kanskje to løp for framtida, ein portal frå Sjukehuskrysset og ei ny rundkøyring i krysset Heltnevegen/Vikebygdvegen, mellom anna. Men dette kan gjere at det vil liggje noko i at det berre vert ei sak for Volda, fordi det vert så dyrt, seier Aam.

Han poengterer at han på langt nær har konkludert, men erkjenner at saka om bompengepakke for Ørsta og Volda har endra seg.

– Vi har kommunestyrevedtak både i Ørsta og Volda på at vi ser Voldatunnelen og Ørstafjordkryssinga i samanheng, og spørsmålet er korleis det vil gå, seier Aam.

Frå Ørsta si side har det vorte arbeidd med flyplasskrysset og Torvmyrvegen i ein slik pakke, gang- og sykkelveg frå Hovdebygda til Mork og tiltak i Ørsta sentrum.

– Samstundes som Volda har sine sentrumsynske. Denne saka er interessant og spennande, men vi må få brikker på plass før Ørsta kommune avgjer kva vi går for, seier Aam.