Skal det byggjast ein 1.-4.-skule på Legene, eller skal det byggjast ein skule som rommar alle elevane frå 1.-7.-trinn?

I tilrådinga til Ørsta kommunestyre sitt møte torsdag skriv administrasjonen at ny Dalane skule skal byggjast på Legene når områdeplanen er ferdig utarbeidd, og kommunestyret vil prioritere bygging.

Saka som skal handsamast av kommunestyret handlar om ny felles skule for 5.-7.-trinn for sentrumselevane.

Også elevar frå Dalane skule har vore vurdert i planane for nybygg i sentrum, og det har vekt harme.

Men no seier administrasjonen altså at dei ønskjer å bygge på Legene. I dag er elevane som soknar til Dalane delt mellom Åmås friskule og Dalane skule. Det går 68 elevar på Dalane skule i dag. Inkludert Åmås friskule vil elevtalet bli om lag 100, om alle elevane byrjar på ny skule på Legene.

– Om Åmås friskule skulle bli lagt ned, vil det auke behovet for fleire klasser ved Dalane og skape eit investeringsbehov. Legene er omtala som skuleområde, noko som også vil skape framtidig investeringsbehov, skriv rådmannen i sakspapira til kommunestyret.

– Om vi vel å investere på Legene, vil eit bygg som husar 1.-4. trinn krevje vesentleg mindre investeringar enn ein skule for 1.-7. trinn. Dalane skule er ikkje ein del av sentrum krins, og er berre teke med i saka om ny felles skule, for å opplyse saka tilstrekkeleg med omsyn til kva val vi har, skriv rådmannen.

– Dalane vil gje eit positivt økonomisk bidrag til modellen med 5.–7. trinn, men vil ikkje vere avgjerande for tilråding om oppdelinga av trinna ved sentrumsskulane.

Ørsta kommune har fått Telemarkforsking til å vurdere kvaliteten på skuletomta på Legene.

God plassering

I konklusjonen skriv Telemarkforsking ved Helge Støren: «Skuletomta på Legene er godt plassert i kretsen når det gjeld skulevegen for elevane. Plasseringa ved sidan av idrettsanlegg og barnehage gir moglegheiter for sambruk og samarbeid. Det må opparbeidast parkeringsareal utanfor sjølve skuletomta. Tilstrekkeleg storleik på uteareala kan oppnåast gjennom bruk av kunstgrasbana eller ved ei utviding mot nord. Tomta heller mot nordvest, og det tilseier at skulebygningen vert plassert slik at han kastar minst mogleg skugge på uteareala.»

- Der er to moment som spelar inn når det gjeld ein eventuell ny skule på Legene. Skal vi rekne med barnetalet i krinsen, eller elevtalet på Dalane skule? Kor mange årstrinn skal skulen ha? skriv Støren i rapporten.

Vidare: - Bakgrunnen for å opprette Åmås friskule var langt på veg ei oppfatning av at Dalane skule var for liten til alle elevane. Det er ikkje usannsynleg at elevane frå Åmås friskule vil gå i den kommunale skulen, viss han både vert dimensjonert etter elevtalet og lagt på den aktuelle skuletomta.

Då står der att tre alternativ:

1. Skulen kan ha alle sju årstrinn, som no.

2. Elevane vert overført til ein fellesskule i sentrum etter fjerde trinn.

3. Elevna evert overført til ein fellesskule i sentrum etter femte trinn.

Støren viser til at eit elevtal på rundt 100 krev eit uteareal på 5.000 kvadratmeter. Bruk av kunstgrasbana kan delvis dekke opp for dette, men der er også behov for meir variert leik og aktivitet, skriv han.

Skuletomta på Legene er på 5.992 kvadratmeter, og sjølve skulebygget vil måtte ta ein vesentleg del av skuletomta - rundt estimert til om lag 1.000 kvadratmeter. Bygget er foreslått over to etasjar med eit totalareal på mellom 1.500-2.000 kvadratmeter. Parkeringsareal må kome utanom.